I åsane utanfor Montepulciano i Toscana ligg La Combàrbia, ein familieeigedom med røter tilbake til 1960-talet. Her står Sangiovese sentralt – drua som lokalt i Montepulciano tradisjonelt blir kalla Prugnolo Gentile. Ho er sjølve utgangspunktet for Vino Nobile di Montepulciano og ein viktig del av vintradisjonen i området.
Frå familiejordbruk til dagens La Combàrbia
La Combàrbia ligg i Cervognano, aust for sjølve byen Montepulciano øraust i Toscana, i provinsen Siena.
Historia til eigedomen går tilbake til tidleg på 1960-talet, då Novilio Mariani slo seg ned med familien i Cervognano og byrja med vinproduksjon. I 2016 tok Gabriele Florio over drifta og innleidde ei fornying av både kjellaren og produksjonen.
Namnet Combàrbia kjem frå eit lokalt uttrykk for ein stad der fleire vegar møtest – eit vegkryss. Ordet vart også brukt om ein lokal møteplass, og namnet knyter dermed eigedomen til både staden og historia rundt han.
Eigedomen arbeider med vinmarker på ulike høgder og med varierande jordsmonn, mellom anna leirhaldig jord rundt Cervognano. Arbeidet hos La Combàrbia skjer i samarbeid med ønologen Giuseppe Gorelli, som har arbeidd med Sangiovese gjennom store delar av karrieren. I produksjonen inngår mellom anna spontan fermentering og bruk av stål, sement og større fat av fransk og slavonsk eik, avhengig av vin og produksjonsfase.
Vino Nobili Di Montepulciano
Den første kjende skriftlege kjelda som bruker nemninga «Vino Nobile», er frå 1766 og kjem frå arkivet etter jesuittane i Montepulciano.
Vinen frå Montepulciano var også tidleg kjend utanfor Italia. I 1803 bestilte den amerikanske presidenten Thomas Jefferson 123 flasker vin basert på Sangiovese frå Montepulciano. Tre år seinare bad han om ytterlegare 473 flasker frå området.
Den moderne appellasjonshistorien tok form på 1900-talet. Vino Nobile di Montepulciano fekk DOC-status i 1966 og DOCG-status i 1980. Vino Nobile var i følgje Masterclass blant dei første italienske regionane som fekk DOCG-status.
DOCG står for Denominazione di Origine Controllata e Garantita. Sertifisering er ein statleg garanti for vinens ekthet, opphav og kvalitet. Regelverket fastset mellom anna produksjonsområde, druesamansetjing og krav til produksjon og lagring.
For Vino Nobile di Montepulciano skal Sangiovese utgjere minst 70 prosent, og vinmarkene må liggje innanfor kommunen Montepulciano, med unntak av Valdichiana-området, og liggje mellom 250 og 600 meter over havet.
La Combàrbia i Noreg
Vinely AS er norsk importør av to vinar frå La Combàrbia som er tilgjengelege gjennom Vinmonopolets bestillingsutval:
La Combàrbia Rosso di Montepulciano DOC 2023
Varenummer 20858501 · 0,75 l · Sangiovese 80 %, Mammolo 10 %, Canaiolo 10 %.
Produktside hos Vinmonopolet
La Combàrbia Vino Nobile di Montepulciano DOCG 2022
Varenummer 20858301 · 0,75 l · Sangiovese 100 %.
Produktside hos Vinmonopolet
For restaurant- og serveringsmarknaden er produkta tilgjengelege gjennom Nordic Beverage Solutions.
Besøk La Combàrbia
La Combàrbia ligg i Via di Poggio Golo 3, Cervognano, 53045 Montepulciano (Siena), om lag seks kilometer frå det historiske sentrum av Montepulciano.