Tiago Cabaço – gamle vinmarker møter det moderne Alentejo

Publisert den 8. oktober 2026 kl. 08:07

I landskapet rundt Estremoz, nordaust i Alentejo, ligg vinmarkene til Tiago Cabaço. Her møtest lange vintradisjonar, eldre vinmarker og moderne produksjon.

Estremoz – marmor, landskap og vintradisjon

Estremoz ligg i den nordlege delen av Alentejo og inngår delvis i Borba, ein av dei åtte underregionane i DOC Alentejo.

Området rundt Estremoz, Borba og Vila Viçosa er kjent for store marmorførekomstar, men også for raud skifer og andre fattige jordsmonn. Marmoren har prega regionen i hundreår og er synleg både i arkitekturen, i dei store brota rundt byen og i kulturlandskapet.

Estremoz er også kjent for den kvitkalka gamlebyen og mellomalderborga som ligg høgt over det opne Alentejo-landskapet. Klimaet skil seg noko frå fleire andre delar av regionen, med store temperaturskilnader mellom dag og natt.

Tiago Cabaço framhevar nettopp desse variasjonane som karakteristiske for vinmarkene rundt Estremoz.

Eldre vinmarker og tradisjonelle druer 

Ein del av arbeidet er knytt til eldre vinmarker og druesortar med lang historie i Alentejo. Blant dei kvite finn ein Roupeiro, Arinto og Antão Vaz, som òg dannar grunnlaget for Vinhas Velhas Branco.

Produsenten arbeider også med mellom anna Verdelho, Touriga Nacional, Alicante Bouschet og Syrah. I kjellaren blir moderne temperaturkontrollert produksjon kombinert med meir tradisjonelle metodar for enkelte vinar.

Produksjonen omfattar i dag både eldre vinmarker og nyare parsellar rundt Estremoz.

Nasjonalt symbol på arkitektur i det 21. århundre

Sjølve vingarden er eit godt eksempel på den moderne sida av prosjektet.

I september 2026 vart Tiago Cabaço Winery kåra til eitt av Portugals nye sju underverk, som vinnaren i kategorien Século XXI – arkitektur frå det 21. hundreåret. Kåringa vart avgjord gjennom ei nasjonal offentleg røysting blant 21 finalistar.

Bygget er delvis senka ned i landskapet og forma som ein låg halvmåne som følgjer vinmarkene rundt. Arkitekturen knyter produksjonsanlegget tett til omgjevnadene ved Estremoz og gir utsyn mot landskapet rundt byen.

Tiago Cabaço i Noreg

Vinely AS er norsk importør av tre vinar frå Tiago Cabaço Winery som er tilgjengelege i Vinmonopolets bestillingsutval:

Tiago Cabaço Verdelho White 2024
Varenummer 20870601 · 0,75 l · Verdelho 100 %
Produkside hos Vinmonopolet

Tiago Cabaço Vinhas Velhas White 2024
Varenummer 20874001 · 0,75 l · Roupeiro, Arinto og Antão Vaz
Produkside hos Vinmonopolet

Tiago Cabaço 3 Tourigas Red 2023
Varenummer 20874101 · 0,75 l · Touriga Nacional 100 %
Produkside hos Vinmonopolet

For restaurant- og serveringsmarknaden er produkta tilgjengelege gjennom Nordic Beverage Solutions.

Besøk Tiago Cabaço Winery

Tiago Cabaço Winery ligg på Quinta da Berlica – Mártires, 7100-148 Estremoz, med kort avstand til sentrum av Estremoz.

Eit besøk kan naturleg kombinerast med Estremoz, gamlebyen, borga og den lokale marmortradisjonen.

 

Powered by GetYourGuide